45 Og presten Sadok og profeten Natan salva han til konge attmed Gihon-kjelda. Så fór dei opp att med glederop, og no er det oppstyr i byen. Det er ståket de høyrer.
46 Salomo har alt sett seg på kongsstolen,
47 og kongsmennene har kome og ynskt kong David, herren vår, til lukke. Dei seier: Gjev din Gud må gjera Salomo meir namngjeten enn deg og gjera hans kongsstol endå større enn din. Då bøygde kongen seg i bøn på lega si
48 og sa: Lova vere Herren, Israels Gud, som i dag har sett ein av etterkomarane mine på kongsstolen, så eg har fått sjå det med eigne augo.»
49 Då vart dei reint forstøkte, alle gjestene åt Adonja. Dei tok ut og gjekk kvar til sin kant.
50 Adonja vart så redd for Salomo at han reiste seg, gjekk av stad og greip om altarhorna.
51 Salomo fekk melding om at Adonja hadde vorte så redd for kongen at han hadde gripe om altarhorna og sagt: «No må kong Salomo lova meg med eid at han ikkje vil la tenaren sin døy for sverd.»