49 Då vart dei reint forstøkte, alle gjestene åt Adonja. Dei tok ut og gjekk kvar til sin kant.
50 Adonja vart så redd for Salomo at han reiste seg, gjekk av stad og greip om altarhorna.
51 Salomo fekk melding om at Adonja hadde vorte så redd for kongen at han hadde gripe om altarhorna og sagt: «No må kong Salomo lova meg med eid at han ikkje vil la tenaren sin døy for sverd.»
52 Salomo sa: «Vil han fara fram som ein ærleg mann, skal det ikkje verta skadt eit hår på hovudet hans. Men viser det seg at han har vonde planar, skal han døy.»
53 Så sende kong Salomo folk av stad, og dei tok han ned frå altaret. Då han kom til kong Salomo, kasta han seg ned for han, og Salomo sa til han: «Du kan gå heim til deg sjølv.»