5 Adonja, son til Haggit, hadde store tankar om seg sjølv og sa: «Eg vil vera konge.» Og så fekk han seg vogner og hestar og femti mann som skulle springa framføre han.
6 Faren hadde aldri tala han til rettes og spurt kvifor han bar seg så eller så åt. Adonja var uvanleg ven. Han var fødd nest etter Absalom.
7 Adonja samrådde seg med Joab Serujason og med presten Abjatar, som fylgde han og hjelpte han.
8 Men det var andre som ikkje heldt med Adonja: presten Sadok, Benaja Jojadason, profeten Natan, Sjimi, Re’i og dei beste krigarane åt David.
9 Ein dag slakta Adonja småfe, storfe og gjøkalvar bortmed Sohelet-steinen, som ligg attmed Rogel-kjelda. Han bad til seg alle brørne sine, kongssønene, og alle judearar som var i teneste hjå kongen.
10 Men han bad ikkje profeten Natan, Benaja og krigarane og heller ikkje Salomo, bror sin.
11 Då sa Natan til Batseba, mor til Salomo: «Du har vel høyrt at Adonja, son til Haggit, har vorte konge, og David, herren vår, veit ikkje om det?