7 Adonja samrådde seg med Joab Serujason og med presten Abjatar, som fylgde han og hjelpte han.
8 Men det var andre som ikkje heldt med Adonja: presten Sadok, Benaja Jojadason, profeten Natan, Sjimi, Re’i og dei beste krigarane åt David.
9 Ein dag slakta Adonja småfe, storfe og gjøkalvar bortmed Sohelet-steinen, som ligg attmed Rogel-kjelda. Han bad til seg alle brørne sine, kongssønene, og alle judearar som var i teneste hjå kongen.
10 Men han bad ikkje profeten Natan, Benaja og krigarane og heller ikkje Salomo, bror sin.
11 Då sa Natan til Batseba, mor til Salomo: «Du har vel høyrt at Adonja, son til Haggit, har vorte konge, og David, herren vår, veit ikkje om det?
12 Lat meg no få gje deg eit råd, så du kan berga både ditt eige liv og livet åt Salomo, son din.
13 Gå inn til kong David og sei til han: Herre konge, har du ikkje med eid lova tenestkvinna di at Salomo, son min, skal verta konge etter deg og sitja på kongsstolen din? Korleis har det då gått til at Adonja har vorte konge?