1 Då dronninga av Saba fekk høyra gjetordet om Salomo, det som gjekk om han for Herrens namn skuld, kom ho og ville prøva han med gåter.
2 Ho kom til Jerusalem med eit stort fylgje, med kamelar som bar krydder, store mengder gull og dyre steinar. Då ho steig fram for Salomo, tala ho med han om alt som låg henne på hjarta.
3 Og Salomo gav henne svar på alt det ho spurde om. Det fanst ikkje den ting som var duld for kongen, så han ikkje kunne gje henne svar.
4 No såg ho det sjølv, Saba-dronninga, kor vis Salomo var. Og ho såg huset han hadde bygt,