11 Elles hadde skipa til Hiram, som henta gull frå Ofir, med seg store mengder sandeltre og dyre steinar derifrå.
12 Av sandeltreet fekk kongen laga rekkverk til Herrens hus og kongsgarden og lyrer og harper til songarane. Aldri har det kome så mykje sandeltre til landet eller vore å sjå til denne dag.
13 Kong Salomo gav Saba-dronninga alt det ho hadde hug på og bad om, forutan det han gav henne i kongeleg venskapsgåve. Så tok ho av stad og fór heim att til landet sitt saman med tenarane sine.
14 Det gullet som Salomo fekk inn på eitt år, vog 666 talentar.
15 Til det kom avgiftene frå kjøpmennene og inntektene frå karavanehandlarane, frå alle arabarkongane og frå statthaldarane i landet.
16 Kong Salomo fekk laga to hundre store skjold av hamra gull; til kvart skjold gjekk det med seks hundre sekel gull.
17 Han fekk òg laga tre hundre små skjold av hamra gull; til kvart av dei gjekk det med tre miner gull. Alle desse skjolda sette kongen i Libanon-skoghuset.