18 Kongen fekk òg laga ein stor kongsstol av elfenbein og kledde han med reint gull.
19 Kongsstolen hadde seks troppesteg, og på baksida var det ein rund topp. På begge sider av setet var det stolarmar, og attmed stolarmane stod det to løver.
20 På dei seks troppestega stod det tolv løver, seks på kvar side. Maken til kongsstol har aldri vore laga i noko anna kongerike.
21 Alle drikkekara til kong Salomo var av gull, og alle reiskapane i Libanon-skoghuset var av fint gull. Ingen ting var av sølv; sølvet vart ikkje rekna for noko i Salomos dagar.
22 For kongen hadde Tarsis-skip på havet saman med skipa åt Hiram. Ein gong tredjekvart år kom Tarsis-skipa heim, lasta med gull og sølv, elfenbein, apekattar og påfuglar.
23 Kong Salomo var rikare og visare enn alle andre kongar på jorda.
24 Frå alle verdsens kantar kom dei og ville sjå han og høyra den visdomen Gud hadde lagt ned i hjarta hans.