5 rettene på bordet hans, hoffmennene der dei sat, tenarane som varta opp, og kleda deira, skjenkjarsveinane hans og brennoffera som han bar fram i Herrens hus. Ho var reint frå seg av undring
6 og sa til kongen: «Så var det då sant det eg høyrde heime i landet mitt om deg og visdomen din!
7 Eg ville ikkje tru det dei fortalde, før eg kom og fekk sjå det med eigne augo. Men no ser eg at dei ikkje har fortalt meg halvparten; du er både visare og rikare enn eg har høyrt.
8 Lukkelege er mennene dine, og lukkelege er desse tenarane dine, som alltid får stå framfor deg og høyra visdomen din!
9 Lova vere Herren din Gud, som hadde slik hugnad i deg at han sette deg på Israels kongsstol. Fordi Herren alltid har Israel kjær, har han sett deg til konge, så du skal fremja rett og rettferd.»
10 Så gav ho kongen hundre og tjue talentar gull og ei stor mengd med krydder og dyre steinar. Det har aldri sidan kome slik ei mengd med krydder til landet som det Saba-dronninga gav kong Salomo.
11 Elles hadde skipa til Hiram, som henta gull frå Ofir, med seg store mengder sandeltre og dyre steinar derifrå.