1 Kong Salomo hugla mange framande kvinner forutan dotter til farao – kvinner frå Moab, Ammon, Edom, Sidon og hetittlandet.
2 Dei høyrde til dei folka Herren hadde tala om då han sa til israelittane: «De skal ikkje blanda dykk med dei, og dei ikkje med dykk. Elles kjem dei visseleg til å venda hjarta dykkar til gudane sine.» Desse kvinnene heldt Salomo seg til, og han elska dei.
3 Han hadde sju hundre koner med fyrsteleg rang og tre hundre fylgjekoner, og dei førte hugen hans på avveg.
4 Det var då Salomo vart gamal at konene hans fekk vendt hjarta hans til andre gudar. Hjarta hans var ikkje lenger heilt med Herren hans Gud, som hjarta åt David, far hans, hadde vore.
5 Salomo heldt seg til Astarte, gudinna åt sidonarane, og til Milkom, styggedomen åt ammonittane.