14 Herren laga det så at Salomo fekk ein motstandar. Det var Hadad, ein mann av kongsætta i Edom.
15 Då David slo Edom, drog hærføraren Joab av stad og skulle gravleggja dei som var falne i striden, og han slo i hel alle menner i Edom.
16 I seks månader heldt Joab seg der med heile Israels-hæren, til han hadde rudt ut alle menner i Edom.
17 Då rømde Hadad saman med nokre edomittar, nokre av mennene til far hans, og tok vegen til Egypt. Hadad var berre småguten den gongen.
18 Dei tok ut frå Midjan og kom til Paran. Der fekk dei med seg nokre menn og kom så til Egypt, til farao, kongen i landet. Han gav Hadad eit hus, sytte for mat til han og lét han få jord.
19 Farao fekk stor godvilje for Hadad og gav han syster åt kona si, åt dronning Takpenes, til kone.
20 Med henne fekk Hadad ein son, Genubat. Takpenes fostra han opp i huset åt farao, og sidan vart han verande der mellom sønene til farao.