16 I seks månader heldt Joab seg der med heile Israels-hæren, til han hadde rudt ut alle menner i Edom.
17 Då rømde Hadad saman med nokre edomittar, nokre av mennene til far hans, og tok vegen til Egypt. Hadad var berre småguten den gongen.
18 Dei tok ut frå Midjan og kom til Paran. Der fekk dei med seg nokre menn og kom så til Egypt, til farao, kongen i landet. Han gav Hadad eit hus, sytte for mat til han og lét han få jord.
19 Farao fekk stor godvilje for Hadad og gav han syster åt kona si, åt dronning Takpenes, til kone.
20 Med henne fekk Hadad ein son, Genubat. Takpenes fostra han opp i huset åt farao, og sidan vart han verande der mellom sønene til farao.
21 Medan Hadad var i Egypt, fekk han vita at David hadde gått til kvile hjå fedrane sine, og at Joab, hærføraren, var død. Då sa han til farao: «Lat meg få fara heim til mitt eige land!»
22 Farao spurde: «Kva er det du saknar her hjå meg sidan du vil fara heim til landet ditt?» Han svara: «Ingen ting, men lat meg få fara likevel!»