18 Dei tok ut frå Midjan og kom til Paran. Der fekk dei med seg nokre menn og kom så til Egypt, til farao, kongen i landet. Han gav Hadad eit hus, sytte for mat til han og lét han få jord.
19 Farao fekk stor godvilje for Hadad og gav han syster åt kona si, åt dronning Takpenes, til kone.
20 Med henne fekk Hadad ein son, Genubat. Takpenes fostra han opp i huset åt farao, og sidan vart han verande der mellom sønene til farao.
21 Medan Hadad var i Egypt, fekk han vita at David hadde gått til kvile hjå fedrane sine, og at Joab, hærføraren, var død. Då sa han til farao: «Lat meg få fara heim til mitt eige land!»
22 Farao spurde: «Kva er det du saknar her hjå meg sidan du vil fara heim til landet ditt?» Han svara: «Ingen ting, men lat meg få fara likevel!»
23 Gud lét endå ein motstandar reisa seg mot Salomo. Det var Reson, son til Eljada. Han hadde rømt frå herren sin, Hadadeser, kongen i Soba.
24 Reson samla folk om seg og vart hovding for ein røvarflokk. Dei drog til Damaskus, slo seg ned der og gjorde seg til herrar i byen.