26 Jeroboam Nebatsson frå Sereda i Efraim var ein av Salomos menn. Mor hans heitte Serua og var enkje. Han gjorde opprør mot kongen.
27 Såleis gjekk det til då Jeroboam reiste seg mot kongen: Salomo heldt på og bygde Millo og tetta opninga i muren kring byen som bar namn etter David, far hans.
28 No var Jeroboam ein dugande kar, og då Salomo såg at denne ungguten gjorde godt arbeid, sette han han til å ha tilsyn med alt pliktarbeidet som Josefs-ætta laut gjera.
29 Så hende det ein gong på den tid at Jeroboam gjekk ut or Jerusalem. På vegen møtte han profeten Akia frå Sjilo, og han var kledd i ei ny kappe. Dei to var åleine ute på marka.
30 Då tok Akia den nye kappa han hadde på seg, reiv henne i tolv stykke
31 og sa til Jeroboam: Ta ti av desse stykka! For så seier Herren, Israels Gud: Eg vil riva riket ut or hendene på Salomo og gje dei ti ættene til deg.
32 Berre den eine ætta skal han få ha for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut i alle Israels-ættene.