3 Han hadde sju hundre koner med fyrsteleg rang og tre hundre fylgjekoner, og dei førte hugen hans på avveg.
4 Det var då Salomo vart gamal at konene hans fekk vendt hjarta hans til andre gudar. Hjarta hans var ikkje lenger heilt med Herren hans Gud, som hjarta åt David, far hans, hadde vore.
5 Salomo heldt seg til Astarte, gudinna åt sidonarane, og til Milkom, styggedomen åt ammonittane.
6 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, og fylgde ikkje trufast Herren, som David, far hans, hadde gjort.
7 På den tid bygde Salomo ein offerhaug for Kamosj, styggedomen åt moabittane, på den høgda som ligg midt for Jerusalem, og for Molok, styggedomen åt ammonittane.
8 Det same gjorde han for alle dei utanlandske konene sine, som kveikte offereld og bar fram slaktoffer til gudane sine.
9 Då vart Herren harm på Salomo fordi han hadde vendt hjarta sitt bort frå Herren, Israels Gud, som hadde synt seg for han to gonger