32 Berre den eine ætta skal han få ha for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut i alle Israels-ættene.
33 Det gjer eg fordi Salomo har vendt seg bort frå meg og tilbede Astarte, gudinna åt sidonarane, Kamosj, guden åt moabittane, og Milkom, guden åt ammonittane. Han har ikkje gått på mine vegar og ikkje gjort det som rett er i mine augo. Han har ikkje halde lovene og boda mine, som David, far hans, gjorde.
34 Likevel vil eg ikkje ta noko av riket frå han sjølv; han skal få vera fyrste så lenge han lever, for Davids skuld, han som var tenaren min, han som eg valde ut, og som heldt seg etter boda og lovene mine.
35 Men eg vil ta riket frå son hans og gje dei ti ættene til deg.
36 Ei ætt vil eg gje son hans, så David, tenaren min, alltid skal ha ei lampe som lyser for mitt åsyn i Jerusalem, den byen eg har valt ut til bustad for namnet mitt.
37 No set eg deg til å rå over alt det du ynskjer; du skal vera konge over Israel.
38 Og høyrer du på alt det eg seier deg, går du på mine vegar og gjer det som rett er i mine augo, held du boda og lovene mine, som David, tenaren min, gjorde, så skal eg vera med deg og byggja deg eit hus som står støtt, så som eg gjorde for David, og eg skal gje deg Israel.