38 Og høyrer du på alt det eg seier deg, går du på mine vegar og gjer det som rett er i mine augo, held du boda og lovene mine, som David, tenaren min, gjorde, så skal eg vera med deg og byggja deg eit hus som står støtt, så som eg gjorde for David, og eg skal gje deg Israel.
39 Davids-ætta vil eg audmykja for det som er gjort, men ikkje for all framtid.
40 Salomo freista no å drepa Jeroboam. Men Jeroboam tok ut og rømde til Egypt, til Sjisjak, som var konge der. Og han vart verande i Egypt til Salomo var død.
41 Det som elles er å seia om Salomo, om alt det han gjorde, og om visdomen hans, det står skrive i krønikeboka åt Salomo.
42 I førti år var Salomo konge i Jerusalem og rådde over heile Israel.
43 Så gjekk Salomo til kvile hjå fedrane sine og vart gravlagd i byen åt David, far sin. Og Rehabeam, son hans, vart konge etter han.