7 På den tid bygde Salomo ein offerhaug for Kamosj, styggedomen åt moabittane, på den høgda som ligg midt for Jerusalem, og for Molok, styggedomen åt ammonittane.
8 Det same gjorde han for alle dei utanlandske konene sine, som kveikte offereld og bar fram slaktoffer til gudane sine.
9 Då vart Herren harm på Salomo fordi han hadde vendt hjarta sitt bort frå Herren, Israels Gud, som hadde synt seg for han to gonger
10 og sagt klårt ifrå at han ikkje skulle fylgja andre gudar; men han hadde ikkje retta seg etter Herrens bod.
11 Og Herren sa til han: «Sidan du har bore deg såleis åt og ikkje har halde den pakta eg gjorde med deg, og dei lovene eg gav deg, vil eg riva riket frå deg og gje det til ein av mennene dine.
12 Men for skuld David, far din, vil eg ikkje gjera det så lenge du lever; det er son din eg vil riva det frå.
13 Heile riket vil eg likevel ikkje ta frå han. Ei ætt vil eg gje han for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut.»