1 Rehabeam fór til Sikem; for heile Israel var kome dit og skulle gjera han til konge.
2 Dette fekk Jeroboam Nebatsson høyra. Han var endå i Egypt. Dit hadde han rømt for kong Salomo, og der budde han.
3 No sende dei bod etter han. Og så kom han og heile Israels-lyden til Rehabeam og sa:
4 «Far din la eit tungt åk på oss. Men lettar no du det harde arbeidet og det tunge åket som far din la på oss, så skal vi tena deg.»
5 Han svara: «Gå bort og venta i tre dagar! Kom så hit att til meg!» Så gjekk folket sin veg.