18 Kong Rehabeam sende Adoniram til dei, han som hadde tilsyn med pliktarbeidet. Men israelittane steina han i hel, og Rehabeam sjølv laut i all hast stiga opp i vogna si og røma til Jerusalem.
19 Såleis fall Israel frå Davids-ætta, og såleis har det vore til denne dag.
20 Då Israels-folket fekk høyra at Jeroboam var komen heim att, sende dei bod etter han og henta han til tings. Der gjorde dei han til konge over heile Israel. Berre Juda-ætta heldt seg til Davids hus.
21 Så snart Rehabeam var komen til Jerusalem, samla han heile Juda-folket og Benjamins-ætta, hundre og åtti tusen utvalde krigarar. Dei skulle strida mot Israels-riket og vinna kongedømet att åt Rehabeam, son til Salomo.
22 Då kom Herrens ord til gudsmannen Sjemaja, og det lydde så:
23 «Sei til Rehabeam, son til Salomo, kongen i Juda, og til heile Juda- og Benjamins-ætta og alt hitt folket:
24 Så seier Herren: De skal ikkje fara opp og strida mot israelittane, brørne dykkar. Far heim att, kvar til sitt hus! For det som har hendt, er kome frå meg.» Då lydde dei Herrens ord; dei snudde og fór heim att, som Herren hadde sagt.