25 Jeroboam bygde ut Sikem i Efraims-fjella og busette seg der. Sidan flytte han bort derifrå og bygde opp att festningsverka i Penuel.
26 Jeroboam tenkte med seg: «Riket kunne snart gå attende til Davids-ætta.
27 Skal dette folket fara opp til Jerusalem og bera fram offer i Herrens hus, kjem dei atter til å venda hugen til den gamle herren sin, Juda-kongen Rehabeam. Så drep dei meg og gjev seg under han att.»
28 Kongen heldt råd, og så laga han to gullkalvar og sa til folket: «No har de lenge nok fare opp til Jerusalem. Sjå, her er gudane dine, Israel, dei som førte deg opp frå Egypt.»
29 Den eine gullkalven sette han opp i Betel, den andre i Dan.
30 Dette vart opphav til synd. Folket gjekk heilt til Dan og steig fram for gullkalven der.
31 Jeroboam bygde òg hus på offerhaugane og sette kven han ville til prestar, endå dei ikkje var av Levi-ætta.