29 Den eine gullkalven sette han opp i Betel, den andre i Dan.
30 Dette vart opphav til synd. Folket gjekk heilt til Dan og steig fram for gullkalven der.
31 Jeroboam bygde òg hus på offerhaugane og sette kven han ville til prestar, endå dei ikkje var av Levi-ætta.
32 Den femtande dagen i den åttande månaden heldt Jeroboam ei høgtid liksom den store høgtida i Juda, og han bar fram offer på altaret. I Betel gjorde han det så: Han ofra til kalvane han hadde laga, og lét prestar frå offerhaugane som han hadde skipa til, gjera teneste i Betel.
33 Offeret bar han fram på det altaret han hadde bygt i Betel. Det var den femtande dagen i den åttande månaden, ein dag han hadde valt etter eige hovud. Då lét han israelittane halda høgtid, og sjølv steig han opp til altaret og ville ofra der.