1 Men best som Jeroboam stod for altaret og kveikte offerelden, kom det etter Herrens vilje ein gudsmann frå Juda til Betel.
2 På Herrens bod ropa han mot altaret: «Altar! Altar! Så seier Herren: Det skal fødast ein son i Davids-ætta; Josjia skal han heita. På deg skal han ofra offerhaug-prestane som brenner offer på deg; på deg skal han brenna menneskebein.»
3 Samstundes varsla han eit teikn og sa: «Dette er teiknet på at Herren har tala: Altaret skal rivna, og den feite oska som ligg på det, skal spreiast utover.»
4 Då kong Jeroboam høyrde det som gudsmannen ropa mot altaret i Betel, rette han ut handa frå altaret og sa: «Grip han!» Med det same stivna handa som han rette ut, og han kunne ikkje ta henne til seg att.