19 Så vart gudsmannen med han heim og åt og drakk i huset hans.
20 Medan dei sat til bords, kom Herrens ord til profeten som hadde fått han med seg heim,
21 og han ropa til gudsmannen som var komen frå Juda: «Så seier Herren: Sidan du trassa Herrens ord og ikkje heldt deg etter det bodet som Herren din Gud gav deg,
22 men gjekk attende og åt og drakk på den staden der han hadde sagt at du ikkje skulle eta eller drikka, så skal liket ditt ikkje koma i grava åt fedrane dine.»
23 Då gudsmannen hadde ete og drukke, sala profeten eselet for han,
24 og han tok av stad. Men på vegen kom det ei løve imot han. Ho drap han, og liket vart slengt ned på vegen. Eselet vart ståande attmed liket, og der stod løva òg.
25 Best det var, kom det nokre menn framom. Dei såg liket som låg slengt på vegen, og løva som stod attmed det. Då dei kom til byen der den gamle profeten budde, fortalde dei om det dei hadde sett.