31 Då han hadde gravlagt gudsmannen, sa han til sønene sine: «Når eg døyr, skal de leggja meg i den grava som gudsmannen ligg i. De skal leggja beina mine attmed hans.
32 For det skal gå i oppfylling, det ordet han på Herrens bod ropa mot altaret i Betel og mot alle heilagdomane på haugane ved byane i Samaria.»
33 Trass i denne hendinga vende ikkje Jeroboam om frå si vonde ferd. Han heldt fram med å setja kven han ville til prestar på offerhaugane. Alle som hadde hug til det, vigde han til prestar på haugane.
34 Dette førte skuld over Jeroboams ætt, og det var grunnen til at ho vart øydd og utrudd av jorda.