4 Då kong Jeroboam høyrde det som gudsmannen ropa mot altaret i Betel, rette han ut handa frå altaret og sa: «Grip han!» Med det same stivna handa som han rette ut, og han kunne ikkje ta henne til seg att.
5 Altaret rivna, og den feite oska vart spreidd utover. Det var teiknet som gudsmannen hadde varsla på Herrens bod.
6 Då tok kongen til ords og sa til gudsmannen: «Sjå om du kan vinna godvilje hjå Herren din Gud, og bed for meg at eg må få ta handa til meg att.» Gudsmannen gjorde som han bad, og då kunne kongen ta handa til seg; ho vart som ho hadde vore.
7 Sidan sa kongen til gudsmannen: «Ver med meg heim og få noko å styrkja deg på; så skal eg gje deg ei gåve.»
8 Men gudsmannen svara: «Om du gav meg halve huset ditt, ville eg ikkje vera med deg heim. På denne staden vil eg korkje smaka mat eller drikke;
9 for Herren gav meg dette påbodet då han tala til meg: Du skal ikkje eta eller drikka noko og ikkje fara heim att same vegen som du kom.»
10 Så gjekk han, og han fór ikkje heim att den vegen han var komen til Betel, men tok ei anna lei.