22 Folket i Juda gjorde det som vondt var i Herrens augo. Med syndene sine eggja dei han til harme endå meir enn fedrane deira hadde gjort.
23 Dei bygde seg offerhaugar og reiste steinstøtter og Asjera-pålar på kvar høg haug og under kvart grønt tre.
24 Det fanst jamvel folk i landet som dreiv tempelutukt. Dei tok etter all den styggedomen som gjekk føre seg hjå dei folkeslaga Herren hadde drive bort for israelittane.
25 Så hende det i det femte styringsåret åt Rehabeam at Sjisjak, kongen i Egypt, gjorde ei hærferd mot Jerusalem.
26 Han tok alle skattane både i Herrens hus og i kongsgarden. Like eins tok han alle gullskjolda som Salomo hadde fått laga.
27 I staden fekk kong Rehabeam laga bronseskjold, og han sette hovdingane over livvakta som heldt vakt i slottsporten, til å ta vare på dei.
28 Kvar gong kongen gjekk inn i Herrens hus, bar vaktene desse skjolda og tok dei så med seg attende til vaktromet.