24 Det fanst jamvel folk i landet som dreiv tempelutukt. Dei tok etter all den styggedomen som gjekk føre seg hjå dei folkeslaga Herren hadde drive bort for israelittane.
25 Så hende det i det femte styringsåret åt Rehabeam at Sjisjak, kongen i Egypt, gjorde ei hærferd mot Jerusalem.
26 Han tok alle skattane både i Herrens hus og i kongsgarden. Like eins tok han alle gullskjolda som Salomo hadde fått laga.
27 I staden fekk kong Rehabeam laga bronseskjold, og han sette hovdingane over livvakta som heldt vakt i slottsporten, til å ta vare på dei.
28 Kvar gong kongen gjekk inn i Herrens hus, bar vaktene desse skjolda og tok dei så med seg attende til vaktromet.
29 Det som elles er å seia om Rehabeam og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane.
30 Mellom Rehabeam og Jeroboam var det ufred heile tida.