11 Asa gjorde det som rett var i Herrens augo, liksom David, far hans, hadde gjort.
12 Dei mennene som dreiv tempelutukt, jaga han ut or landet, og han fekk bort alle avgudane som fedrane hans hadde laga.
13 Han tok jamvel frå Ma’aka, farmor si, dei rettar som fylgde med det å vera kongsmor, fordi ho hadde laga eit grysjeleg bilete for Asjera. Dette biletet hogg han ned og brende det i Kedron-dalen.
14 Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Likevel heldt Asa seg til Herren av heile sitt hjarta så lenge han levde.
15 Dei gåvene som far hans hadde vigt til Herren, og dei han sjølv hadde vigt, førte han til Herrens hus. Det var både sølv og gull og andre ting.
16 Mellom Asa og Basja, kongen i Israel, var det ufred så lenge dei levde.
17 Basja, Israels-kongen, gjorde ei hærferd mot Juda og bygde festningsverk i Rama, så ingen skulle få fara til eller frå kong Asa i Juda.