2 Han styrte i Jerusalem i tre år. Mor hans heitte Ma’aka og var dotter til Absalom.
3 Abia fylgde den same vegen som faren og gjorde dei same syndene som han. Han heldt seg ikkje til Herren sin Gud av heile sitt hjarta, som David, ættefar hans, hadde gjort.
4 Men for Davids skuld lét Herren hans Gud ei lampe lysa for han i Jerusalem. Han gav han ein son som kunne fylgja etter han, og lét Jerusalem få stå.
5 For David gjorde det som rett var i Herrens augo. I heile sitt liv veik han ikkje av frå noko av det Herren hadde bode han, så nær som den gongen han synda mot hetitten Uria.
6 Abia hadde ufred med Jeroboam så lenge han levde.
7 Det som elles er å seia om Abia og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. Abia og Jeroboam låg i strid med einannan.
8 Så gjekk Abia til kvile hjå fedrane sine. Dei gravla han i Davids-byen, og Asa, son hans, vart konge etter han.