22 No kalla kong Asa inn alt mannskap i Juda – ingen vart friteken; og dei førte bort steinane og tømmeret som Basja hadde nytta då han bygde ut Rama. Med det reiste kong Asa festningsverk i Geba i Benjamin og i Mispa.
23 Det som elles er å seia om Asa, om alle storverka hans og alt det andre han gjorde, og om byane han bygde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. På sine gamle dagar fekk han ein sjukdom i føtene.
24 Så gjekk Asa til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd hjå dei i byen åt David, far sin, og Josjafat, son hans, vart konge etter han.
25 I det andre året Asa var konge i Juda, vart Nadab, son til Jeroboam, konge i Israel. Han styrte i Israel i to år.
26 Nadab gjorde det som vondt var i Herrens augo; han fylgde den same vegen som faren og heldt fram med dei same syndene som han hadde gjort og fått israelittane til å gjera.
27 Basja, son til Akia av Jissakars-ætta, fekk til ei samansverjing mot Nadab og slo han i hel bortmed Gibbeton, ein by som høyrde filistarane til. Det hende medan Nadab og alle israelittane heldt byen kringsett.
28 Det var i tredje styringsåret åt Asa, Juda-kongen, at Basja drap Nadab og vart konge etter han.