24 Så gjekk Asa til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd hjå dei i byen åt David, far sin, og Josjafat, son hans, vart konge etter han.
25 I det andre året Asa var konge i Juda, vart Nadab, son til Jeroboam, konge i Israel. Han styrte i Israel i to år.
26 Nadab gjorde det som vondt var i Herrens augo; han fylgde den same vegen som faren og heldt fram med dei same syndene som han hadde gjort og fått israelittane til å gjera.
27 Basja, son til Akia av Jissakars-ætta, fekk til ei samansverjing mot Nadab og slo han i hel bortmed Gibbeton, ein by som høyrde filistarane til. Det hende medan Nadab og alle israelittane heldt byen kringsett.
28 Det var i tredje styringsåret åt Asa, Juda-kongen, at Basja drap Nadab og vart konge etter han.
29 Då han hadde vorte konge, slo han i hel heile Jeroboams ætt. Han sparte ikkje eit einaste liv i kongsætta, men rudde dei heilt ut. Då vart det oppfylt, det ordet som Herren hadde tala gjennom Akia frå Sjilo, tenaren sin.
30 Dette var straffa for dei syndene som Jeroboam hadde gjort og fått israelittane til å gjera. For på den måten hadde han harma Herren, Israels Gud.