29 Då han hadde vorte konge, slo han i hel heile Jeroboams ætt. Han sparte ikkje eit einaste liv i kongsætta, men rudde dei heilt ut. Då vart det oppfylt, det ordet som Herren hadde tala gjennom Akia frå Sjilo, tenaren sin.
30 Dette var straffa for dei syndene som Jeroboam hadde gjort og fått israelittane til å gjera. For på den måten hadde han harma Herren, Israels Gud.
31 Det som elles er å seia om Nadab og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
32 Mellom Asa og Basja, kongen i Israel, var det ufred så lenge dei levde.
33 I det tredje året Asa var konge i Juda, vart Basja, son til Akia, konge over heile Israel. Han styrte i Tirsa i tjuefire år.
34 Basja gjorde det som vondt var i Herrens augo; han fylgde den same vegen som Jeroboam og heldt fram med dei same syndene som han hadde gjort og fått israelittane til å gjera.