5 For David gjorde det som rett var i Herrens augo. I heile sitt liv veik han ikkje av frå noko av det Herren hadde bode han, så nær som den gongen han synda mot hetitten Uria.
6 Abia hadde ufred med Jeroboam så lenge han levde.
7 Det som elles er å seia om Abia og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Juda-kongane. Abia og Jeroboam låg i strid med einannan.
8 Så gjekk Abia til kvile hjå fedrane sine. Dei gravla han i Davids-byen, og Asa, son hans, vart konge etter han.
9 I det tjuande året Jeroboam var konge i Israel, vart Asa konge i Juda.
10 Han styrte i Jerusalem i førtiein år. Farmor hans heitte Ma’aka og var dotter til Absalom.
11 Asa gjorde det som rett var i Herrens augo, liksom David, far hans, hadde gjort.