8 Så gjekk Abia til kvile hjå fedrane sine. Dei gravla han i Davids-byen, og Asa, son hans, vart konge etter han.
9 I det tjuande året Jeroboam var konge i Israel, vart Asa konge i Juda.
10 Han styrte i Jerusalem i førtiein år. Farmor hans heitte Ma’aka og var dotter til Absalom.
11 Asa gjorde det som rett var i Herrens augo, liksom David, far hans, hadde gjort.
12 Dei mennene som dreiv tempelutukt, jaga han ut or landet, og han fekk bort alle avgudane som fedrane hans hadde laga.
13 Han tok jamvel frå Ma’aka, farmor si, dei rettar som fylgde med det å vera kongsmor, fordi ho hadde laga eit grysjeleg bilete for Asjera. Dette biletet hogg han ned og brende det i Kedron-dalen.
14 Men offerhaugane vart ikkje nedlagde. Likevel heldt Asa seg til Herren av heile sitt hjarta så lenge han levde.