1 Då kom Herrens ord om Basja til Jehu Hananison, og det lydde så:
2 «Eg har lyft deg opp or støvet og sett deg til fyrste over Israel, folket mitt. Men du har fylgt den same vegen som Jeroboam og fått Israel, folket mitt, til å synda. Og dei har harma meg med syndene sine.
3 Difor vil eg no sopa etter Basja og ætta hans. Eg vil gjera med di ætt som eg gjorde med ætta åt Jeroboam Nebatsson.
4 Den av Basjas ætt som døyr i byen, skal hundane eta opp, og den som døyr utpå marka, skal fuglane under himmelen eta opp.»