10 kom Simri dit og slo han i hel. Det hende i det tjuesjuande styringsåret åt Juda-kongen Asa. Og så vart Simri konge etter Ela.
11 Med det same han hadde vorte konge og sett seg på kongsstolen, slo han i hel heile Basjas ætt. Han sparte ikkje ein einaste mann, korkje av dei næraste frendane eller venene hans.
12 Simri rudde ut heile Basjas ætt, så som Herren hadde sagt til Basja gjennom profeten Jehu.
13 For Basja og Ela, son hans, hadde synda og fått israelittane med på all si synd, og med dei gagnlause gudane sine hadde dei harma Herren, Israels Gud.
14 Det som elles er å seia om Ela og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
15 I det tjuesjuande året Asa var konge i Juda, vart Simri konge. Han styrte i Tirsa i sju dagar. Hæren låg den gongen i leir kring Gibbeton, som høyrde filistarane til.
16 Same dagen som alle israelittane i leiren fekk høyra at Simri hadde fått til ei samansverjing og slege kongen i hel, då gjorde dei der i leiren hærføraren Omri til konge over Israel.