14 Det som elles er å seia om Ela og alt det han gjorde, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
15 I det tjuesjuande året Asa var konge i Juda, vart Simri konge. Han styrte i Tirsa i sju dagar. Hæren låg den gongen i leir kring Gibbeton, som høyrde filistarane til.
16 Same dagen som alle israelittane i leiren fekk høyra at Simri hadde fått til ei samansverjing og slege kongen i hel, då gjorde dei der i leiren hærføraren Omri til konge over Israel.
17 Så drog Omri opp frå Gibbeton med heile hæren, og dei kringsette Tirsa.
18 Då Simri såg at byen var teken, gjekk han inn i borgtårnet i slottet, brende slottet opp over hovudet på seg og døydde.
19 Dette hende fordi han hadde synda og gjort det som vondt var i Herrens augo. Han hadde fylgt den same vegen som Jeroboam, gjort dei same syndene som han og fått israelittane med på dei.
20 Det som elles er å seia om Simri og den samansverjinga han fekk til, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.