19 Dette hende fordi han hadde synda og gjort det som vondt var i Herrens augo. Han hadde fylgt den same vegen som Jeroboam, gjort dei same syndene som han og fått israelittane med på dei.
20 Det som elles er å seia om Simri og den samansverjinga han fekk til, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
21 No delte Israels-folket seg i to. Den eine halvparten fylgde Tibni, son til Ginat, og ville ta han til konge; den andre halvparten fylgde Omri.
22 Dei som heldt med Omri, fekk overtaket over dei som heldt med Tibni, son til Ginat. Så døydde Tibni, og Omri vart konge.
23 I det trettifyrste året Asa var konge i Juda, vart Omri konge i Israel, og det var han i tolv år. I Tirsa styrte han i seks år.
24 Omri kjøpte Samaria-fjellet av Sjemer for to talentar sølv. Der bygde han ein by og kalla han Samaria etter Sjemer, som hadde ått fjellet.
25 Omri gjorde det som vondt var i Herrens augo. Han bar seg jamvel verre åt enn alle dei som hadde vore før han.