2 «Eg har lyft deg opp or støvet og sett deg til fyrste over Israel, folket mitt. Men du har fylgt den same vegen som Jeroboam og fått Israel, folket mitt, til å synda. Og dei har harma meg med syndene sine.
3 Difor vil eg no sopa etter Basja og ætta hans. Eg vil gjera med di ætt som eg gjorde med ætta åt Jeroboam Nebatsson.
4 Den av Basjas ætt som døyr i byen, skal hundane eta opp, og den som døyr utpå marka, skal fuglane under himmelen eta opp.»
5 Det som elles er å seia om Basja og det han gjorde, om storverka hans, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
6 Så gjekk Basja til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Tirsa, og Ela, son hans, vart konge etter han.
7 Men gjennom profeten Jehu Hananison hadde Herrens ord alt nått Basja og hans ætt, ikkje berre for alt det vonde han gjorde for Herrens augo då han vekte harmen hans på same vis som Jeroboams-ætta, men òg fordi han hadde tynt heile den ætta.
8 I det tjuesjette året Asa var konge i Juda, vart Ela, son til Basja, konge i Israel. Han styrte i Tirsa i to år.