22 Dei som heldt med Omri, fekk overtaket over dei som heldt med Tibni, son til Ginat. Så døydde Tibni, og Omri vart konge.
23 I det trettifyrste året Asa var konge i Juda, vart Omri konge i Israel, og det var han i tolv år. I Tirsa styrte han i seks år.
24 Omri kjøpte Samaria-fjellet av Sjemer for to talentar sølv. Der bygde han ein by og kalla han Samaria etter Sjemer, som hadde ått fjellet.
25 Omri gjorde det som vondt var i Herrens augo. Han bar seg jamvel verre åt enn alle dei som hadde vore før han.
26 Han fylgde i eitt og alt den same vegen som Jeroboam Nebatsson og heldt fram med dei same syndene som han hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Med dei gagnlause gudane sine harma han Herren, Israels Gud.
27 Det som elles er å seia om Omri og det han gjorde, om storverka hans, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
28 Så gjekk Omri til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, og Akab, son hans, vart konge etter han.