25 Omri gjorde det som vondt var i Herrens augo. Han bar seg jamvel verre åt enn alle dei som hadde vore før han.
26 Han fylgde i eitt og alt den same vegen som Jeroboam Nebatsson og heldt fram med dei same syndene som han hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Med dei gagnlause gudane sine harma han Herren, Israels Gud.
27 Det som elles er å seia om Omri og det han gjorde, om storverka hans, det står skrive i krønikeboka åt Israels-kongane.
28 Så gjekk Omri til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, og Akab, son hans, vart konge etter han.
29 I det trettiåttande året Asa var konge i Juda, vart Akab, son til Omri, konge i Israel. Han styrte Israel i Samaria i tjueto år.
30 Akab, son til Omri, gjorde det som vondt var i Herrens augo, endå meir enn alle dei som hadde vore før han.
31 Det var ikkje nok med at han gjorde dei same syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort. Men han gifte seg med Jesabel, dotter til Etba’al, sidonarkongen, og gav seg til å dyrka Ba’al og kasta seg ned for han.