28 Så gjekk Omri til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i Samaria, og Akab, son hans, vart konge etter han.
29 I det trettiåttande året Asa var konge i Juda, vart Akab, son til Omri, konge i Israel. Han styrte Israel i Samaria i tjueto år.
30 Akab, son til Omri, gjorde det som vondt var i Herrens augo, endå meir enn alle dei som hadde vore før han.
31 Det var ikkje nok med at han gjorde dei same syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort. Men han gifte seg med Jesabel, dotter til Etba’al, sidonarkongen, og gav seg til å dyrka Ba’al og kasta seg ned for han.
32 I det Ba’al-templet han bygde i Samaria, reiste han eit altar for Ba’al.
33 Akab fekk òg laga ein Asjera-påle, og han gjorde endå meir som harma Herren, Israels Gud. Han bar seg verre åt enn alle dei som hadde vore kongar i Israel før han.
34 I Akabs tid bygde Hiel frå Betel opp att Jeriko. Då han la grunnvollen, kosta det han Abiram, eldste son hans, og då han sette opp portane, kosta det han Segub, yngste son hans. Såleis vart det oppfylt, det ordet Herren hadde tala gjennom Josva Nunsson.