1 Elia frå Tisjbe, ein av innflyttarane i Gilead, sa til Akab: «Så sant Herren, Israels Gud, lever, han som eg tener: Dei fyrste åra skal det korkje koma dogg eller regn utan at eg seier det.»
2 Då kom Herrens ord til Elia, og det lydde så:
3 «Far bort herifrå, ta vegen mot aust og gøym deg i Krit-dalen, austanfor Jordan!
4 Der kan du drikka or bekken, og eg har sagt frå til ramnane at dei skal syta for mat åt deg.»