2 Då kom Herrens ord til Elia, og det lydde så:
3 «Far bort herifrå, ta vegen mot aust og gøym deg i Krit-dalen, austanfor Jordan!
4 Der kan du drikka or bekken, og eg har sagt frå til ramnane at dei skal syta for mat åt deg.»
5 Så tok Elia ut og gjorde som Herren hadde sagt. Han gjekk til Krit-dalen, austanfor Jordan, og der gav han seg til.
6 Ramnane kom til han med brød og kjøt kvar morgon, og med brød og kjøt kvar kveld, og han drakk or bekken.
7 Men då det leid av ei tid, turka bekken bort, for det kom ikkje regn i landet.
8 Då kom Herrens ord til Elia, og det lydde så: