5 Så tok Elia ut og gjorde som Herren hadde sagt. Han gjekk til Krit-dalen, austanfor Jordan, og der gav han seg til.
6 Ramnane kom til han med brød og kjøt kvar morgon, og med brød og kjøt kvar kveld, og han drakk or bekken.
7 Men då det leid av ei tid, turka bekken bort, for det kom ikkje regn i landet.
8 Då kom Herrens ord til Elia, og det lydde så:
9 «Ta ut og gå til Sarepta, som høyrer Sidon til, og gjev deg til der! Eg har sagt frå til ei enkje som bur der, at ho skal syta for mat åt deg.»
10 Så tok Elia ut og gjekk til Sarepta. Då han kom til byporten, fekk han sjå ei enkje som gjekk og sanka ved. Han ropa til henne og sa: «Henta litt vatn til meg i ei skål, så eg får drikka!»
11 Då ho gjekk og ville henta vatn, ropa han etter henne: «Ta med deg eit stykke brød til meg òg!»