11 Og så seier du at eg skal gå og seia til herren min at Elia er her.
12 Når eg no går frå deg, vil Herrens Ande ta deg og føra deg bort til ein stad som eg ikkje veit om. Kjem eg så og seier frå til Akab, og han ikkje finn deg, drep han meg. Og eg, tenaren din, har då hatt age for Herren heilt ifrå ungdomen.
13 Har du ikkje høyrt, herre, kva eg gjorde den gongen Jesabel drap Herrens profetar? Eg løynde hundre mann i to holer, femti i kvar hole, og sytte for mat og drikke til dei.
14 Og no seier du at eg skal gå og seia til herren min at Elia er her. Då drep han meg!»
15 Då sa Elia: «Så sant han lever, Herren, Allhærs Gud, som eg tener: I denne dag skal eg stiga fram for kongen.»
16 Så gjekk Obadja sin veg. Han møtte Akab og fortalde han dette, og Akab gjekk av stad, ville møta Elia.
17 Med det same Akab vart var Elia, sa han: «Er du her, du som fører ulukke over Israel?»