13 Har du ikkje høyrt, herre, kva eg gjorde den gongen Jesabel drap Herrens profetar? Eg løynde hundre mann i to holer, femti i kvar hole, og sytte for mat og drikke til dei.
14 Og no seier du at eg skal gå og seia til herren min at Elia er her. Då drep han meg!»
15 Då sa Elia: «Så sant han lever, Herren, Allhærs Gud, som eg tener: I denne dag skal eg stiga fram for kongen.»
16 Så gjekk Obadja sin veg. Han møtte Akab og fortalde han dette, og Akab gjekk av stad, ville møta Elia.
17 Med det same Akab vart var Elia, sa han: «Er du her, du som fører ulukke over Israel?»
18 Elia svara: «Det er ikkje eg som fører ulukke over Israel, men du og ætta di. For de har vendt dykk frå Herrens bod og fylgt Ba’al-gudane.
19 Men send no bod ikring og kall heile Israel saman hjå meg på Karmel-fjellet, og like eins dei fire hundre og femti Ba’al-profetane og dei fire hundre Asjera-profetane som går til bords hjå Jesabel!»