27 Då det var middag vorte, tok Elia til å spotta dei og sa: «Rop høgare! Han er då gud. Han er vel fallen i tankar, eller han har gått for seg sjølv eller er ute og ferdast. Kan henda søv han og må vakna fyrst.»
28 Så ropa dei endå høgare og rispa seg med sverd og spyd, som dei hadde for vis, til blodet rann ned over dei.
29 Då det leid over middag, tok dei til å rasa. Såleis heldt dei på til den tid grødeofferet vert frambore. Men det kom ikkje ein lyd; det var ingen som svara, og ingen som ansa dei.
30 Då sa Elia til folkehopen: «Kom hit til meg!» Og alt folket gjekk bortåt han. Så bygde han opp att Herrens altar, som var nedrive.
31 Han tok tolv steinar, ein for kvar av dei folkegreinene som var ætta frå sønene til Jakob, han som Herren hadde tala dette ordet til: «Israel skal namnet ditt vera.»
32 Av desse steinane bygde han eit altar i Herrens namn. Og rundt ikring altaret grov han ei veit så stor at ho svara til ein åker som tek to mål såkorn.
33 Han la veden til rettes, lema sund oksen og la han oppå veden.