3 Då kalla Akab til seg Obadja, slottshovdingen sin. Obadja var ein mann som hadde stor age for Herren.
4 Den gongen Jesabel rudde ut Herrens profetar, tok han hundre profetar og løynde dei i to holer, femti i kvar hole, og sytte for mat og drikke til dei.
5 No sa Akab til han: «Kom, lat oss fara gjennom landet, til alle kjelder og bekker! Kanskje vi då finn gras, så vi kan halda liv i hestar og muldyr og ikkje treng slakta noko av buskapen.»
6 Så delte dei landet mellom seg; dei skulle fara gjennom det kvar for seg. Akab fór ein veg og Obadja ein annan.
7 Som no Obadja gjekk framover vegen, møtte han Elia. Med det same han drog kjensel på han, kasta han seg ned og sa: «Er det du, min herre Elia?»
8 Han svara: «Ja, det er eg. Gå og sei til herren din at Elia er her.»
9 Men Obadja sa: «Kva vondt har eg gjort, sidan du vil gje meg i hendene på Akab og la han drepa meg?