18 Men eg vil spara sju tusen i Israel, alle som ikkje har bøygt kne for Ba’al og ikkje har kyst han med sin munn.»
19 Då Elia fór bort frå Horeb, møtte han Elisja, son til Sjafat, som heldt på og pløgde. Tolv par oksar gjekk føre han, og sjølv fylgde han siste paret. Med det same Elia gjekk framom, kasta han kappa si over han.
20 Då lét Elisja oksane gå, sprang etter Elia og sa: «Lat meg fyrst få kyssa far og mor til avskil, så skal eg fylgja deg!» Elia svara: «Gå berre heim, du! For du veit kva eg har gjort med deg.»
21 Då snudde Elisja seg frå han. Han tok dei to oksane og slakta dei, og med åket koka han kjøtet. Det gav han til folket, og dei heldt måltid. Så reiste han seg og fylgde Elia, og han var tenaren hans.